- Les historikken for 2003-2004, 2004-2005 og noverande sesong.
-
Les også om komande tilskipingar og møtereferat.
Sesongen 2003-2004:
3. mars 2003 - Årsmøte i Slåtten Grannelag
Det kom opp eit spørsmål om vi skulle sette igang arbeid med å starte eit korps på Slåtten Skule. Arne Hammer tok på seg arbeidet med å skipa eit interrimsstyre og han tok på seg rollen som leiar for dette styret.
17. mai 2003
Styret kom opp med ein ide om å helge seg på skulen sitt arrangement - både for å få inn pengar, men også for å vise at her er krefter med korpsbakgrunn å bygge på. Dette vart ein suksess der store og små deltok i eit improvisert korps (der også treblåsarar allernådigst fekk delta), og vi køyrde lotteri der vi fekk inn bortimot syttentusenkroner!
18. juni 2003 - Presentasjon for 3. 4. 5. og 6. klasse på Slåtten skule
Arne tromma saman ein gjeng vaksne som viste kva instrument kan gjere for sjel og sinn. Målet var sjølvsagt å inspirere podane slik at dei hadde lyst til å bli med å spele i korpset vårt. Opplegget var profft og lærarane gav fine tilbakemeldingar om det. Takk til dei som var med. Instrumentalistar; Trude Skarvatun, Asbjørn Våge, Johan Bengtsson, Svein Fjellkårstad og Arne Hammer. Ove Mjåtveit presenterte framføringane etter Arne sitt glimrande manuskript.
16. september 2003 - Notekurset byrjar og korpset vert stifta
Med 34 påmeldte ungar starter vi opp med notekurs. Innmelding til Norges Musikkorps Forbund, NMF blir sendt inn og 16/9-03 blir offisiell stiftingsdato.
16. oktober 2003 - Utdeling av instrument
eigen artikkel Utdeling
28. november 2003 - Årsmøte
eigen artikkel Årsmøtereferat
11. desember 2003 - Skulegudstjeneste
På kort varsel stilte nokre av medlemmane våre (5. klasse) opp og spelte i Førde Kyrkje under skulegudstenesta før jul.
Repertoire: (uttales reppærtoar)
-Her kjem me dine arme små
-Nå tennes 1000 julelys
-Deilig er jorden
-Eg er så glad kver julekveld
18. desember 2003 - Julekonsert
eigen artikkel: Julekonsert
27. desember 2003 - Juletrefest
Slåtten grannelag arrangerer juletrefest kvart år 3. juledag. I år spurde vi om å få lov til å delta med musikalsk innslag på festen.

Juletrefestkonsert.
14. februar 2004 - Speleoppdrag i Sparebanken Sogn og Fjordane
Musikkskulen fekk eit speleoppdrag dei ikkje kunne ta på kort varsel. Det kunne representantar for Slåtten skulemusikk! Magnus, Erik, Marie, Maria og Rebekka stilte etter å ha øvd seg litt dagen før. Det vekte stor åtgaum, og ungane fekk mat og var også vel fornøgde.
27. mars 2004 - Konsert med Jølster Musikklag
eigen artikkel: Jølster Musikklag

Konsert med "Jølstrabrass".
21. april 2004 - Skulegudsteneste
3., 4. og 7. klasse hadde ansvar for denne gudstenesta og vi stilte med 20 messingblåsarar. Vi er blitt så gode at vi kan spele til salmane.
Dei som var med: Anders, Andrea, Anna, Arild, Erik, Guro, Helene, Ivar, Jenny, Lars, Maria, Marie, Oddne, Olve, Rebekka, Sigmund,
Sunniva, Thea S., Thea Ø., Torgeir.
Repertoire:
-Dine hender er fulle av blomster
-Vitae Lux (trombonesolo)
-Påskemorgen
-Han er oppstanden, Halleluja
-Deg være ære
-Eg veit i himmerik ei borg
28. april 2004 - Skulekonsert på Slåtten skule
Presentasjon av dei ulike instrumenta musikkskulen kan tilby undervisning på. Slåtten skulemusikk deltok og spelte Nem Kuela mens vi marsjerte inn i gymsalen. Deretter Flåklypa”- melodien før vi presenterte dei ulike messinginstrumenta:
Trombone: ”My heart will og on”
Althorn: ”Bånsull”
Kornett: ”Karius og Baktus”
Baryton/ Eufonium: ”Puff, den lille dragen”
Klokkespel og dei ulike trommene vart demonstrerte
Tromme: ”Progressiv etyde”
17. mai 2004 - Debutmarsjering i Folketoget og konsert på Slåtten Skule
Som det einaste korpset i mils omkrets spelte vi utanat! I Folketoget spelte vi ein trommemarsj som Arne hadde laga, og tre fine arrangement som Trude hadde spesialtilpassa til korpset for marsjeringa på 17. mai.
Det var:
-Nem Kuela (liten afrikansk melodi)
-Flåklypa kjenningsmelodi (utrolig nok mest kjend frå dataspelet!)
-When the Saints (reine jazzfestivalen)
På skulen spelte vi i tillegg 3 nasjonalsongar også arrangert av Trude:
-Ja, vi elsker
-Kongesangen
-Fagert er landet
Sjå og eigen artikkel.
13. juni 2004 - Sesongavslutning på Hauglandsenteret
Sommaren vart blåst inn med utekonsert, grilling og bading!
Avslutning på Hauglandsenteret.
- Les historikken for 2003-2004, 2004-2005 og noverande sesong.
- Les også om komande tilskipingar og møtereferat.

