1 Konstituering
a) Opning. Leiar Arne Hammer ønskte velkommen.
b) Namneopprop. Foreldra til 17 av 34 medlemmer møtte.
c) Godkjenning av innkalling. Innkallinga vart godkjent og Trond Ueland vart vald til møteleiar, Ove Mjåtveit vart valt til møtesekretær. Jan Madsen og Tone Listau vart valde til protokollunderskrivarar.
2 Godkjenning av årsmelding og revidert regnskap.
Leiaren gjennomgjekk årsmeldinga. Informasjonsmateriell til medlemmene kan formidlast både elektronisk og per post. Det vart lufta eit forslag om at sentral informasjon vart utsendt skriftleg og med ein svarslipp. Det vart også nemnt at semesterplanen er eitt av dei dokumenta som bør sendast ut skriftleg – og at det bør gjerast ved sesongstart. Styret ønskjer å legge ut så mykje som mogeleg på vår heimeside. Summen av dei informasjonsmetodane vi har brukt til i dag (skriftleg, munnleg melding på siste øving, e-post, informasjon på heimeside, semesterplan/kalender) ser ut til å fungere i praksis. Å sikre god informasjonsflyt er ei utfordring å få til best mogeleg og styret vil arbeide vidare med dette.
Styret uttalte at inntekta for korpset hadde vore større enn forventa og at det må vere eit svært godt resultat at lånet som vart tatt opp for å finansiere alt instrumentkjøp er nedbetalt. Forsamlinga samtykte i dette og godkjente årsmelding og revidert rekneskap.
I avrundinga av årsmøtet vart det elles uttalt frå ein av dugnadsgjengane at dugnadsoppgåver med fordel kunne blitt planlagt meir i forkant. Styret meiner dette også er ei utfordring å løyse godt i og med at oppdrag kan komme brått på.
3 Saker fremja av musikkorpset sitt styre og medlemmer.
Det var ikkje fremja slike saker.
4 Plan og budsjett, inklusiv medlemskontingent og langtidsbudsjett.
Årsmøtet understreka at det må leggast fram eit budsjett for korpsåret ein no er inne i og vart bedt om å sende dette ut saman med referat for årsmøtet. Medlemskontingenten vart ikkje foreslått endra.
5 Val: Arild Nybø leia valkomiteen og losa forsamlinga gjennom valet av:
a) 2 styremedlemmer. Margrete Henden Aaraas og Kristin Burø vart foreslått som nye styremedlemmer. Desse vart valde, begge for to år.
b) 1 varamedlem. Gunhild Jorunn Falkevik vart foreslått som varamedlem, samstundes som valkomiteen foreslo at varamedlemet skulle sitte for to år. Begge deler vart vedteke. Årsmøtet foreslo elles at vedtektene om dette vert endra på neste årsmøte slik at dette vert gjeldande frå då.
c) Sveinung Nordtveit vart foreslått og vald som revisor.
Styret vart elles sittande som før og fekk mandat til å konstituere seg sjølv. Sjå bilete av styret.
Årsmøtet vart dermed avslutta. Etter årsmøtet vart det halde foreldremøte, der leiar la fram styret sine visjonar for kommande 5-års periode (last ned innlegget i ”PowerPoint”-format). Forsamlinga slutta seg til hovudmålsettingane i dette programmet.
Dataprogrammet ”Smartmusic” vart også demonstrert av Ove og Trude og vekte stor åtgaum - sjå: Smartmusic --> ein øvingskamerat for PC'en..
referent
Ove Mjåtveit
Referatet er lest og godkjent av Jan Madsen og Tone Listau
Etter avtale med leiar, legg styret ved budsjett for 2004/2005:
|
Budsjett 2004/2005 |
||||
|
Netto (Utgifter minus inntekter) |
2000 |
|||
|
Inntekter |
225000 |
Utgifter |
223000 |
|
|
Kontingent |
70000 |
Dirigent |
80000 |
|
|
Bkk (eit kraftselskap) |
10000 |
Noter |
20000 |
|
|
Sparebanken S-Fj |
20000 |
Støtte sommerkurs |
20000 |
|
|
Kulturmidler |
20000 |
Instrumenter |
75000 |
|
|
Dugnad |
50000 |
Diverse |
8000 |
|
|
17. Mai lotteri |
15000 |
Støtte tur |
20000 |
|
|
Spillinger |
10000 |
|||
|
Diverse sponsor/gaver |
20000 |
|||
|
Støttemedlemmer |
10000 |
|||

