Laurdag 6. og sundag 7. november 2004 hadde Slåtten skulemusikk eit samarbeidsprosjekt med sine kollegaer i Førde skulemusikk i form av korpsseminar på Sunde skule. Det heile vart toppa med ein feiande flott avslutningskonsert frå begge korpsa i full mundur sundagen. Konserten vart leia av dirigentane Helga Lied Wyrtz og Trude Skarvatun, introdusert av Arne Hammer.
Instruktørane som sto på for fullt heile helga saman med musikantane var Knut Mikkelsen, Asbjørn Våde, Johan Bengtsson, Arne Hammer - og sjølvsagt dirigentane. I tillegg hjalp ein del foreldre til med transport, rigging, mat osv. Laurdagen var det servering av gryterett, loff og saft kring barne-TV-tid, utan at nokon såg ut til å sakne TV'en noko særleg.
Har du bilete eller ein videosnutt frå arrangementet, som vi kan legge ut her, kan du sende dei til: arild@mediebruket.no

