Endeleg har vi fått oss "uniform"!
Firmaet Sanacoustic Byggmontering har vært med å sponse svarte genserar. Det er far til Sanne, Jan Madsen, som har skaffa desse.
Sjølv om han er ein asylsøkar fra vårt flate naboland i syd har han tilegna seg norske sedar og skikkar og har allereie gjort ein kjempeinnsats
for korpset. Jaja noko må vi vel få att etter at vi vart styrt frå Danmark i 434 år.
Som nemnt i tidlegare skriv vil vi ta kr. 100,- per korpsgensar for medlemar.
Vi har også kjøpt inn genserar til foreldre og vener som vi sel ut så lenge lageret rekk.
Instruktørar og foreldre vert prioriterte. Desse genserane kostar 200,- kroner og er allereie
trendsetjande etter suksessen 17. mai.
Sett inn beløpet på konto nr. 3720 12 15847 og merk med navn og gensar!

