Vårkonserten vart ein suksess! 

Konsert med Jølster Musikklag 27. mars 2004.

VÅRYRE MUSIKANTAR I SAMSPEL MED STORT BRASSBAND MED TRØKK!

Det vart akkurat slik vi hadde håpa. Våre musikantar i Slåtten Skulemusikk, som knapt har spelt eit halvt år, fekk laurdag 27 mars 2004 ein eineståande sjanse til å spele saman med Jølster Musikklag. Og det fungerte! Under leiing av dirigent Trude Skarvatun spelte Slåtten-ungane seg inn i hjartene våre, litt spe og litt usikre, en mest stolte og med store forventingar. Og så deretter Jølster Musikklag. Var det noko som visste kva kvalitetar som ligg i det brassbandet? Og kven er eigentleg denne dirigenten som kan halde korps og publikum i full sjakk? Arvid Anthun, gudbenåda leiar av Jølster Musikklag, dette var bra!  Jølster Musikklag viste oss at det er fullt ut mogeleg å spele med full trøkk, trylle fram spennande og kreative arrangement og - ikkje minst - presentere konserten som ein spirituell pakke. Betre "guest stars" kunne vi ikkje få!



Det høyres kanskje voldsomt ut, dette. Poenget er likevel når ein startar opp eit nytt korps, så treng vi gode og spennande førebilete. Det fekk vi på denne  konserten. Ungane ser at det å spele i korps er  gjevande, krevande og ikkje minst - det handlar om felleskap og samkjensle. Jølster Musikklag viste oss at det går  an.

Slåtten Skulekorps vil derfor takke,  nok ein gong,  for ei kjempeoppleving. Og de skal vite at det har gjeve oss kjempeinspirasjon til vidare arbeid.