|
Eventyret om dei tre Bukkane Bruse som skulle til seters og gjere seg feite, har du høyrt mange gongar før, men på øvingshelga til Førde skulemusikk og Slåtten skulemusikk var dei velkjende replikkane bytta ut med lydar frå barytonar, kornettar, trompetar, saksofonar og klarinettar.
Snille og lågmælte lydar frå den minste Bukken Bruse, eller høge og sinte som når den store Bukken Bruse gjorde ende på trollet under brua.
Kasta tonar til kvarandre
Det vart med andre ord ei uvanleg øvingshelg for 60 musikantar frå dei to skulekorpsa i Førde.
Skodespelar Idun Losnegård var henta frå Sogn og Fjordane Teater for lære musikantane å kjenne instrumentet sitt på ein ny måte.
I tillegg til å fortelje historier og dramatisere eventyr med instrumentet, vart trompetar og klarinettar også brukt til å spele handball. Musikantane kasta tonane til kvarandre, og som på handballbanen var målet å sende ei presis og høveleg sterk pasning. Musikantane var også innom sirkus, der lydane til elefantar, selar og løver vart uttrykt gjennom instrumenta.
– Målet er at dei heretter skal sjå på instrumentet sitt med nye auge. Det er eit forsøk på å sprenge grenser for eit korpsseminar, fortel Losnegård.
Trommisar med kost Slik var det også for slagverkarane. Instruktør Arne Hammer har vore i London og blitt inspirert av Stomp, og til øvingshelga på Sunde oppvekstsenter fredag og laurdag hadde han med seks feiekostar elevane sine.
Stomp betyr at «rytma er det einaste språket og alle moglege gjenstandar er instrument». Trommisane frå dei to skulekorpsa laga si eiga framsyning, der rytma vart banka fram frå golvet med feiekostane.
– Du lærer å halde grooven, fortel Jakob Monsen Hjelmeland frå Førde skulemusikk.
Rap og hiphop på tuba
For å styrke det som på fagspråket heiter grovmessing-miljøet, var pedagog, utøvar og lærebokforfattar
Elisabeth Vannebo henta frå Bergen for å inspirere tubaistane. Dei fekk prøve seg på folkemusikk, rap og hiphop, mellom anna Ravi og DJ.
I tillegg leia dirigentane Helga Lied Wyrtz og Trude Skarvatun kvar si gruppe med meir tradisjonelle aktivitetar. Her var kammermusikk og improvisasjon hovudtema.
– Det vanlege på korpsseminar er at dei som spelar i same instrumentgruppe øver i lag. Denne gongen ønskte vi å bryte opp og gje musikantane ein breiare assosiasjon til instrumentet sitt, understrekar Lied Wyrtz.







|