Årsmelding sesongen 2004/2005

Den tunge andresesongen er tilbakelagt og styret har absolutt følt at korpset har haldt oppe både innsats, framgang og musikalsk glede.

Suksessfaktorane er igjen dei same:

  • God og engasjert styring
  • Faglig tung og entusiastisk musikalsk leiing
  • Tilgang på dyktige instruktørar
  • Nok interesserte og flittige medlemmer
  • God mottaking blant sponsorar og bidragsytarar
  • Engasjerte foreldre, som er nødvendig for å handtere ei slik oppgåve.

(Last ned årsmeldinga i utskriftsvenleg utgåve - Word)


Aktivitetar for korpset


17. august 2004 - Ny sesong opna med konsert med Brazz Brothers.
Slåtten skulemusikk fekk utfalde seg med brassbrørne i «Oh, when the saints» på ei energibombe av ein konsert. -Vi er opptekne av at folk skal lære seg å spele på gehør. Difor er det svært kjekt å spele saman med eit så ungt korps som gjer nettopp det, sa Jarle Førde.

1.-5. november 2004 - Grunnskuleveka
Elevane frå korpset som går på Slåtten skule spelte ved fleire høve under grunnskuleveka. Det er nytt at korpset bidreg med musikalske krefter på skulen.

6. - 7. november 2004 - Seminar og konsert med Førde skulemusikk på Sunde skule.
Laurdag og sundag hadde Slåtten skulemusikk eit samarbeidsprosjekt med sine kollegaer i Førde skulemusikk i form av korpsseminar på Sunde skule. Det heile vart toppa med ein feiande flott avslutningskonsert frå begge korpsa i full mundur sundagen. Konserten vart leia av dirigentane Helga Lied Wyrtz og Trude Skarvatun. Instruktørane som sto på for fullt heile helga saman med musikantane var Knut Mikkelsen, Asbjørn Våge, Johan Bengtsson, Arne Hammer - og sjølvsagt dirigentane. I tillegg hjalp ein del foreldre til med transport, rigging, mat osv.

23. november: Årsmøte og foreldremøte på Slåtten skule.

5. desember: Tenning av julegran i Vieåsen

Korpset spelte fem julesongar i nissekler. Vieåsen grannelag betalte med ein kornett.

7. desember:  Liten konsert for foreldre
Blanda konsert med fullt korps og grupper. Aspirantane fekk delta med musikkinnslag.

24. desember (julaftan): Familiegudsteneste i Førde kyrkje
Heile korpset stilte i sin flottaste julestas i ei fullsett kyrkje der vi spelte preludium, postludium og til salmesongen.

27. desember: Speling på juletrefest i Slåtten grannelag
Vi spelte julesongar til dans rundt treet i nisseantrekk.

22. januar 2005: Konsert til inntekt for flomofra i Aust-Asia
I samarbeid med et stort tal lokale aktørar var det arrangert støttekonsert i Førdehuset. Korpset var invitert og spelte ein låt utan notar.

15. februar: Solistkonsert
Hausten 2004 delte dirigenten ut skjema til alle musikantane der alle skulle skrive på kor mange minutt dei øver kvar dag. Minuttane vart summert og målet var at vi skulle komme til ti tusen minutt før året var omme. 8. desember hadde vi nådd målet! (10.000 minutt = øving i nesten 7 heile dagar i strekk) Premien var at vi skulle ha klubbkveld med kos, gøy og moro.
For at klubbkvelden også skulle gi et musikalsk utbytte arrangerte vi solistkonsert rett før klubbkvelden. Alle medlemmene i korpset fekk sitt eige solostykke enten helt aleine, saman med Trude på piano eller saman med CD.
Etter konserten hadde gåvmilde og tenestevillige foreldre i Johan sin dugnadsgjeng bakt/skaffa pizza til alle så det vart ein briljant avslutning på dagen.

1. - 2. april: Kammermusikkseminar
Instruktørar var Trude, Ove og Arne og seminaret vart halde på Slåtten skule i våre øvingslokale. Målet med seminaret var å få prøvd andre lydbilde og andre samansetjingar enn vi har til vanleg. Som avslutning spilte alle ein mikrominikonsert for kvarandre i gymsalen.

8. mars og 8.-10.april: ”Trammel” på fylkeskulturmønstringa
Frå Slåtten skulemusikk deltok ei gruppe musikantar som etter eige initiativ hadde lyst å vere med på UKM i Førde. Tora, Rebekka, Anders, Maria, MariE og Lars deltok og spelte og koreograferte ein låt frå korpsrepertoiret.
Dei opptredde på årsmøtet til Norsk Kulturskoleråd.
Gjengen gjekk vidare til fylkesmønstringa i Florø i april.
Dei vart inviterte til å spele for ein kinesisk kulturdelegasjon på Sunnfjord Hotell i juni.

13. mai: Spelejobb Sentrum Sør
Vi vart spurt om å sette musikalsk farge på nattåpent i Sentrum Sør og fekk ei god generalprøve til 17. mai.

17. mai: Nasjonaldag - Vi marsjerte i takt!
I flotte bunader og dressar marsjerte vi i toget. For å få skikkeleg fart på spelinga stoppa vi toget nokre gonger og vendte oss til publikum. Servering på Førdehuset før Slåtten skule vart besøkt med musikk og underhaldning.

5. juni: Konsert på Slåtten skule ilag med Jølster Musikklag.
Jølster Musikklag hadde et arrangement der dei hadde invitert skolekorpsa i kommunen til å medverke. Både Førde og Slåtten skulemusikk deltok.

10.-12. juni: Korpstur til Søre Ål festivalen
Korpset meldte seg på festival for aspirantar på Lillehammer dette året. Med på turen var foreldre som hadde som oppgåve å vere gruppeleiarar for kvar si gruppe musikantar. I tillegg til Arne og Trude som var ansvarlige for arrangementa og det musikalske var: Lidveig, Åse, Kristin, Kjersti, Arve, Ole Øyvind og Knut (som og var reservebussjåfør).
Firda Billag sendte med oss sin aller snillaste sjåfør Terje Mo.

Laurdagen spelte vi konsert i Lillehammer sentrum, seinare på dagen var det marsj gjennom Storgata til ein stor park der det var fellessamling. Om kvelden var det eigen konsert på skulen der vi vekte merksemd fordi vi var så mange på same alder, spelte til dels utan notar og fordi vi spelte med stor trøkk!
Søndagen var vi i Hunderfossen i regnfullt vestlandsvær. Oppmarsj og fellesnummer vart spelt før det bar heim igjen til Førde.

26.-28. juni: Musikksommerskule på Nordfjordeid
Tolv musikantar hadde anledning og lyst til å dra på kurs til Eid i år. Det var Thea S, Thea Ø, Tora, Maria, Marie, Olve, Hallvard, Ivar, Reidun, Anna, Rebekka og Guro.

8. juli: Speleoppdrag i Førde
Speling på Elvegården/ Førde Torg. Vi klarte å dra saman akkurat nok musikantar midt i ferien til å stille.


Styre i perioden
Arne Hammer, leiar
Ove Mjåtveit, styremedlem
Margrete Henden Aaraas, styremedlem
Kristin Burø, varamedlem

Instruktørar denne sesongen
Den same utrulege stab av vel kvalifiserte instruktørar er framleis i aktivitet:
Gunn Karoline Fugle, kornett
Ingjerd Monsen Hjelmeland, kornett
Knut Mikkelsen, euphonium, althorn
Ove Mjåtveit, bariton (1. vikar)
Trude Skarvatun, kornett, althorn, trombone
Arne Hammer, slagverk

Valkomite
Arild Nybø
Helge Robert Midtbø

Revisor
Sveinung Nordtveit

Statistikk
Denne sesongen har vi hatt 33 medlemmer.
I tillegg har vi 27 påmeldte aspirantar der 6 får undervisning på kulturskulen! Alle vil få instrument og opplæring frå nyttår og fram til sommaren 2007. Då vert dei tatt opp i hovudkorpset

Korpsøvingar: 33 stk

Dugnader: 6 stk som har brakt inn kr  26 820,-
 
Styremøte og møte i turkomitè:  8 stk

Administrasjon:
Som eit samarbeidsprosjekt mellom Førde Skulemusikk, Jacob Nøtseth (utviklar) og Arne Hammer er det sett i gang bruk av eit WEB-basert administrasjonsverktøy for å halde oversikt over medlemmer, notar og instrument. Arne vert med i prosessen for å få dette verktøyet opp på et salgbart nivå og Slåtten har og skal betale kr. 0,00 for dette.

”Embetsverk”
I tillegg til styret har eit tal glimrande foreldre hatt oppgåve som er blitt løyst med stor entusiasme og stil. Desse oppgåvene har vore korte intensive ”skippertak”, men med krav til å stille opp mykje i periodane det har stått på.

Dei det gjeld:
Tone Listau   Korpsleiar
Arild Nybø   Webmaster
Dag Solheim   Rekneskapsførar
Heidi og Øyvind Dvergsdal Dugnadsleiarar
Johan Bengtsson  Dugnadsleiar
Karin Hjelle   Dugnadsleiar
Kristin Burø   Dugnadsleiar (og styremedlem)
Trond Ueland   Materialforvaltar

Informasjon
Styret har vidareført den tredelte informasjonskanalen. Den same informasjon vert sendt på mail til foreldre, vert lagt ut på heimesida og det vert delt ut papir til medlemmene på øvinga. Det er vanskeleg å måle om dette når fram til absolutt alle slik vi har tenkt, men det einaste alternativet som gjenstår er post og det ser vi vekk ifrå pga dei høge portoutgiftene dette medfører.
Vi har ein god følelse for korleis vi informerer medlemmer og føresette og vil halde fram med dette i åra framover!
 

 

Slåtten Skulemusikk - rekneskap 2004/2005

 2004/2005

 Budsjett

 2003/2004

 Korrigert

Resultat

 versjon

3010

Kontingent/instrumentleige medlemmer

67 150

70 000

60 800

3030

Støttemedlemer

9 450

10 000

27 550

3120

Dugnadsarbeid

26 820

50 000

7 000

3150

Lotteri

8 447

15 000

40 181

3190

Tilskot

56 100

20 000

0

3490

Andre arrangementsinntekter

12 000

10 000

3 893

3500

Sponsorinntekter/gåver

58 180

50 000

197 250

3900

Andre inntekter

50 663

0

1 856

8070

Renteinntekter

100

0

3

Sum Inntekter

288 910

225 000

338 533

5900

Dirigent/instruktørar

97 072

80 000

0

6030

Noter/undervisningsmateriell

7 691

20 000

6 965

6100

Kontingent NMF

8 100

0

3 050

6400

Kjøp instrument/vedlikehald

47 531

75 000

301 443

6700

Diverse

51 428

8 000

26 604

7310

Annonser

0

0

3 390

7410

Andre kontingentar/deltakaravgift

56 875

40 000

300

7510

Forsikringspremiar

3 260

0

3 867

7780

Bank og kortgebyr

170

0

91

8110

Rentekostnader

10 231

0

2 794

Sum utgifter

282 358

223 000

348 503

8980

Årets overskot (underskot i minus)

6 552

2 000

-9 970

Balanse

1030

Bank Spareb. S. og Fj. - 3700.14.43837

1 096

162

1031

Avslutta bankkonto

0

49

1032

Brukskonto Spareb.Vest - 3720.12.15847

86 082

172 659

Sum eige

87 178

172 870

2690

Anna kortsiktig gjeld

90 596

2780

Anna langsiktig gjeld (1033 lånekonto avslutta)

0

182 840

2980

Eigenkapital - frå i fjor

-9 970

-9 970

2980

Eigenkapital - årets overskot

6 552

Sum gjeld og eigenkapital

87 178

172 870

Avstemming eigenkapital

Eigenkapital (ca) 1.6.04 (underskot)

-9 970

Overskot 2004/2005

6 552

Eigenkapital 30.6.2005

-3 418

 (oppsamla underskot)

Bankkonto 30.6.05

1030

Bank Spareb. S. og Fj. - 3700.14.43837

1 096

1032

Brukskonto Spareb.Vest - 3720.12.15847

86 082

Sum bankkonto pr. 30.6.05

87 178

Sum gjeld pr. 30.6.05

90 596

Bankkonto pr. 30.6.05

87 178

- gjeld pr. 30.6.05

-90 596

= Eigenkapital pr. 30.6.05

-3 418