Tysdag 19. april debuterte aspirantane i Slåtten skulemusikk i storkorpset. Det vil seie at for første gong spelte dei som starta i 2003 og aspirantane saman, under øving i gymsalen på Slåtten skule. ">

Svingande aspirantdebut

Tysdag 19. april debuterte aspirantane i Slåtten skulemusikk i storkorpset. Det vil seie at for første gong spelte dei som starta i 2003 og aspirantane saman, under øving i gymsalen på Slåtten skule.

Dirigent Trude ba "veteranane" ønskje aspirantane velkomne, og hjelpe dei til rette under øvinga. Etter applaus, litt småkviskring og gode råd fekk aspirantane i starten velje om dei ville lytte og sjå på dei andre, før dei sjølve løfta horna til munnen. På andre låt var aspirantane også med, og Slåtten skulemusikk nådde nye høgder i tal på korpsmedlemer i samtidig spel! I det heile tatt gjekk det svært bra, sjølv om spenninga var stor for dei nyaste medlemene.

Fram til nasjonaldagen skal aspirantane delta på tysdagsøvingane frå kl. 19. Songane på desse øvingane skal lærast utanat slik at det vert lettast mogleg å konsentrere seg om marsjøving.


Sondre debuterte i storkorpset med gipsa arm. Slikt står respekt av.


Hans Petter har funne strategisk plass mellom to litt meir erfarne
althornspelarar.


Aspirant Solveig sjekkar at ho har same notane som Reidun. Bak sit
Sara og Ingrid. Alle var dei med på fellesøvinga for første gong.


Og dermed bar det i gang..


Aspirant Daniel (t.h.) fekk fin lyd i trombonen under debuten
i storkorpset.


Sara stemte i på "Amen".