Korpskafé for seniorane

Den annonserte korpskafèen laurdag 19. nov vert ikkje for alle i korpset, men er ein eksklusiv møteplass for dei eldste (frå 7. klasse og oppover). Les meir om det nye tilbodet...

Hei!                                                                           
Vi drar igang med eit nytt tilbod til dokke som er eldst og "klokast" i korpset.
Frå 7. klasse og oppover vert det mulighet for å spele i band med diverse bandinstrument, synge kanskje? og kore/ improvisere på eige instrument. Dette kan bli konsertstoff, innslag på Ungdommens Kulturmønstring, eller berre til hygge - det bestemmer dokke!

Første gong vi treffes er komande laurdag kl 15 - 19 heime hos oss i Middagsteigen 30 der bandriggen står klar på loftet. I tillegg til speling vert det film, CD-lytting og litt mat.
 
Ta med instrument, ein CD du likar og speleglede. 
 
Hjarteleg velkomen!
 
Helsing Arne og Trude