28.-29.okt: Fellesseminar med Førde Skulemusikk
Seminaret vert på Sunde Skule, timeplanen ser slik ut:
Fredag: 17-18.30 Hugs niste fredag!
19-20.30
Laurdag: 11-12
12.15-13
13-14 Lunsj
14-15
15.30-17.00 ”Open time”
Seminaret vert noko nytt og spanande i korps-samanheng, istadenfor inndeling i grupper etter instrument vert det ”cross-over” med fem instruktørar:
Idun Losnegård, skodespelar ved Sogn og Fjordane teater. Idun skal leike fram lydar og historier saman med ungane, korps møter drama!
Elisabeth Vannebo, tubaist. Elisabeth er kjend som forfattar av Midt i blinken- bøkene, og er ein inspirator av stort kaliber. Vi har gjeve ho Carte Blanche!
Arne Hammer, slagverkar, (og formann i Slåtten Skulemusikk) skal ta seg av trommisane, og lage ei STOMP-gruppe. Stomp vil seie at ein spelar med det ein har for handa, f.eks oljefat, vegger, spadar, kostar..
Trude Skarvatun, dirigent for Slåtten Skulemusikk, skal ta for seg utanatspeling, inprovisasjon, herming, etc. Her vert det ingen notar!
Helga Lied Wyrtz, dirigent for Førde Skulemusikk, skal ha ei gruppe som skal handle om ensemblespel og sceneframferd, m.a.
Seminaret vert ikkje avslutta med konsert, slik vi ofte gjer, men foreldre og andre interesserte kan komme og sjå på ”Open time” siste økta på laurdagen.
Les også om: Seminaret i fjor haust!
og: Hugseliste for arrangering av seminar

