Velkomen til sesongstart tysdag 30. august

Tirsdag 30. august kl. 18 - 20 begynner vi igjen etter ein laang og velfortjent ferie! ALLE korpsmedlemene skal møte denne dagen.

Nokre frå korpset var på musikksommarskule på Eid og spelte døgnet rundt, nokre var heime i juli og fekk vert med på speling i sentrum ved Elvegården (med is) under folkemusikkfestivalen. Men mange har hatt heilt ferie frå speling og er superklare til å begynne.
 
Godt tips: Øv 5-10 minutt daglig no fram til vi treffast. Eg veit at svært mange har begynt å øve seg opp, og det er veldig bra. Då blir det kjekt å treffast!
 
Vi har eit spennande år framfor oss med fleire høgdepunkt. Vi skal for første gong delta i fylkesmeisterskapen for skulekorps, og det er spennande for eit så ungt korps. Dessuten skal vi til Gøteborg på korpstur, så gled dokke!!
 
Ta med instrument, notestativ og godt humør. (Dei brune permane som var med til Lillehammer ligg på Slåtten skule)
 
Med musikkhelsing og tuuut frå Trude.