Spelejobb på Førde Torg førstkomande fredag!

Slåtten skulemusikk er bedt om å spele på Elvegården/ Førde Torg på førstkomande fredag 8. juli kl. 17-18. Vi møter på Slåtten skule kl. 16:30 i caps og t-skjorte, evt. genser viss det er kaldt. Eg tar med regnfrakkane i tilfelle regn.

Vi skal spele berre utenat-melodiar, så vi treng ikkje notestativ eller perm. Dei fem låtane vi bruker når vi marsjerer er som alle veit:

  • Amen
  • Cowboy-visa
  • Førde-marsj
  • Latin in the evening
  • Peter Gunn

Meld tilbake straks både om de kan og om de ikkje har anledning. De foreldre som kan køyre til og frå kan også melde dette.
 
Takk for sist på Lillehammer og på Eid for dei 12 som var der!!

Med "sommarleg" helsing frå
Trude