Tone">

Info om Göteborg-turen 25.- 29. juni 2006

Slåtten skulemusikk skal som avslutning på korpsåret 2005/06 reise på korpstur til Gøteborg. Her er litt info.

Vi hadde ein velykka tur til Lillehammer i fjor, og dei erfaringane som vi hadde på den turen ,gjer at vi no planlegg nok ein tur. Vi har føljande informasjon å kome med på dette tidspunkt.

Last ned: Invitasjon og påmeldingsskjema (Word)

- Avreise frå Førde søndag 25 juni om morgonen. Vi kjøyrer direkte Førde – Gøteborg.
- Vi skal bu på ein skule sentralt i Gøteborg.
- Det vert ein eigenandel på turen. Vi er ikkje sikre på totalutgiftene ennå, men reknar med at kvar musikant betalar mellom  750 – 1500 kr for turen. For dette får ein mat, opphald, transport og kjekke opplevingar i 4 døgn.
- Vi er heime igjen seint om kvelden den 29 juni.


Foreldre som ynskjer å være som leiarar.

Vi vil trenge ein ca 6 foreldre, (tre damer og tre menn) som kan være med på denne turen. Leiarane vil være ansvarleg for kvar si gruppe på 5/6 musikantar. Leiarane sover på klasserom med ungane.Vi kjem i år til å  organisere det slik at leiarane får ein frikveld eller to.

Vi har i år ein ”overkommando” som har ansvaret for denne turen. Desse vil overnatte på festivalhotellet.
- President: Arne Hammer. Er ansvarleg for å halde korpset informert om tidar for konsert, organiserar transport og anna praktiske når vi er i Gøteborg. 
- Dirigent:Trude Skarvatun. Er ansvarlig for det musikalske.
- Korpsleiar: Tone Listau. Er ansvarlig for ungane og oppøljing av den enkelte musikant, samt kontaktperson til leiarane.


Familiar som ynskjer å være med på turen

Gøteborg Music festival har eit eige festival hotell for leiarar, foreldre og andre som ynskjer å være med på turen. Overnatting på festivalhotellet må vi melde frå om kollektivt. Dei familiane som ynskjer dette overnattingstilbodet må setje dette opp på påmeldingskjema som ligg ved. Der ligg det også prisar og lignende.
Det er kjekt å ha med seg fan klubben når vi er på tur, vi håpar fleire vil ta turen saman med oss.


Neste info om turen vert delt ut på korpsøving den 6. juni. Info vert også lagt ut her på vår heimeside.
Då vil vi kome med detaljar om turen, pakkeliste, info om felles ”kjørereglar” osv.

I mellomtida kan de lese meir om festivalen på: http://www.goteborgmusicfestival.com/index.shtml

Har du spørsmål ta kontakt.


Tone Listau
Korpsleiar


Last ned: Invitasjon og påmeldingsskjema (Word)