Hjarteleg velkommen til overnattingsseminar på Slåtten skule til helga!!

Vi i Slåtten skulemusikk gler oss til å få besøk av Flekke musikkorps og Vassenden skulemusikk. Vi legg opp til eit seminar der både det sosiale og det musikalske blir viktig! Dei tre dirigentane samarbeider om det musikalske og foreldra samarbeider om det praktiske rundt gjennomføringa.
Det musikalske resultatet av øvingshelga vert å høyre på konsertar i veka før haustferien. Vi er mellom anna inviterte til å spele under opninga av ein fellesfjøs(!) på Straumsnes søndag 30. september.
Tysdag 2. oktober vert det kafèkonsert i gymsalen på Slåtten skule.
Det kan verte ein konsert onsdag 3. oktober. Det kjem vi tilbake til.
Timeplan for øvingshelga 14. – 15. september:
Fredag: 17:30 felles oppvarming og korpsøving
21 kveldsmat
22 nattcup eller liknande!
byssanlull
Laurdag: 9 frukost
10 gruppeøving med instruktør
12:30 lunsj
13:30 gruppeøving med instruktør
14:30 korpsøving
16 heimreise og tårevåt avskjed
Instruktørar på blås: Helga Lied Wyrtz
Reidun Porten
Ragnvald Søgnesand
Trude Skarvatun
+ 1
Instruktør på slagverk: Arne Hammer
Ta med: instrument, notestativ, notar
sovepose, pute, liggeunderlag, pysj, toalettsaker, handkle, innesko, gode uteklede
ev. fotball, volleyball, hobbysaker, spel, pengar til kiosk, badeklede for dei tøffaste (i elva Anga)??
Sjå heimesida til Slåtten skule om de vil sjå skulen og området rundt: www.slatten.no
Heimesida til Slåtten skulemusikk: www.slatten.org

|
Musikkhelsingar frå dirigentane: Helga, Ragnvald og Trude |

