Korpset skal ha ekstraøving førstkomande søndag 15. mars kl 18 - 20. Det kunne høyrast ut på øvinga idag som at ein del er vekke søndag. Kan de svare snarast på om din musikant ikkje har høve å stille? Takk!
I tillegg treng eg hjelp med eit par-tre ting frå dokke foreldre:
- Kan de hjelpe musikantane til å vere på plass tysdagar kl 17:55. Vi sit på plass kl 18 med notestativ oppslått, varmar opp kvar for oss til 18:05. 18:05 kling første musikkstykket i øvingsrommet:-) Dette for å få ein betre ro rundt oppstarten for alle.
- Minn musikantane på å alltid ha med notar (inklusiv to hefter - rødt og kvitt), notestativ og instrument. Dette har sklidd ut hos nokre.
- ...så er det dette med øving. Vi har fleire kjekke konsertar i kjømda og eg vil gjerne at alle skal få ei god oppleving av desse. Kan de hjelpe med å motivere musikantane til øving mellom korpsøvingane? Mild positiv pushing er lov. Kanskje de kan be om å få høyre ein melodisnutt dei likar?
På førehand tusen takk!
Venleg helsing Trude


