Jubileumskonsert - 5 år!

Stor jubileumskonsert i Førdehuset med Sogn og Fjordane Brassband og Slåtten Skulemusikk

Kinosalen i Førdehuset søndag 30. mars kl 14:00

Info til musikantene:
Fremmøte kl 13:00
Kjøring av slagverk fra Slåtten kl 12:30 (for de som føler kallet)
Antrekk hvit skjorte og mørk bukse
Billetter: voksne 100,- barn gratisk
(Hemmeligheter: Konframorgsier: Birger Meland, Ordfører Nils (!) kommer, trekning i keramikklotteriet.

 

Pressemelding (sakset fra NRK sine sider):

Ivrige musikanter Hallvard Burø Sunde, Willian Anthun, Lars Listau, Thea Lovise Vie og Maria Eithun Pedersen (foto Tone Listau)

Slåtten skulemusikk feirar 5 års jubileum i år, og i samband med det blir det konsert i Førdehuset førstkommande søndag. Med på konserten blir også Sogn og Fjordane Brassband som har samling i Førde denne helga.
Skulekorpset på Slåtten vart skipa etter eit møte i Slåtten grannelag våren 2003 der det vart lufta tankar om at det kunne vera kjekt med eit korps i skulekrinsen. Slagverkaren Arne Hammer tok ideen på strak arm og nokre månader seinare var korpset realitet. Hammer gjekk ikkje ein gang ut av stova for å finna dirigent – den jobben gjekk til kona Trude Skarvatun – som er musikalsk leiar for korpset også i dag.
I dag er det 25 faste medlemmer i brassbandet – og 4 aspirantar ventar utolmodig på å bli med i hovudkorpset. I tillegg til dette har Slåtten skulemusikk eit unikt samarbeid med Slåtten skule om opplæring på messinginstrument, fortel formann Hugo Mølmesdal.
- Ca 25 fjerdeklassingar får musikkundervisninga si på messinginstrument. Vi held instrument og Førde kulturskule undervisning. Mange av desse blir gode på instrumenta sine, og blir seinare med i korpset, seier Mølmesdal. Søndag blir det høve til å høyra fjerdeklassingane i flott samspel med Slåtten skulemusikk.
- Økonomi er sjølvsagt den største utfordringa. Instrument er dyrt. Og vi konkurrerer om fritida til svært aktiv ungdom. Men vi er heldige: Korpsmedlemmene på Slåtten er iherdige og har vorte gode på instrumenta sine på kort tid, seier han.
Resultatet får vi sjå og høyra i helga. Slåtten skulemusikk – korpset med speleglede som varemerke får då besøk av for Sogn og Fjordane Brassband. SFBB er tidlegare ungdomskrinskorps frå NMF Sogn og Fjordane, men etter omorganisering av korpsregionane er det også med unge musikarar frå Hordaland. SFBB eit av to representasjonskorps i NMF Nordvest. SFBB har brassbesetning og tel pr. dato 35 musikantar. Dirigent er Andreas Lien Røe.
I Førdehuset søndag blir det altså møte med begge dei to korpsa.