Grunnskuleprosjekt, aspirant og vegen vidare
4. klasse: korps i skulen
På Slåtten skule har vi eit tilbod om opplæring på messinginstrument i skuletida for alle fjerdeklassingar. Dette omfattar både opplæring på instrumentet og notelære. Opplæringa vert gitt på kornett og althorn.
For første året er alt gratis og det administrative vert tatt hand om av skulen. Lærarane kjem frå Førde kulturskule og instrumenta vert lånt ut av Slåtten skulemusikk. Elevane får ikkje med seg instrumenta heim
5. klasse: aspirant
For dei som ynskjer å lære meir etter 4. klasse, har vi tilbod i 5. klasse utanom skuletid. Undervisninga går føre seg onsdag rett etter skuletid på Slåtten skule. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Slåtten skulemusikk og Førde Kulturskule med gruppeundervisning på instrumentet i regi av kulturskulen og aspirantkorps tysdag ettermiddag i regi av korpset. På dette nivået kan elevane velje mellom mange fleire instrument i tillegg til althorn og kornett; trombone, baryton, euphonium og tuba. Alle elevar får disponere eige instrument.
Påmeldinga skal skje til korpset på skjema som vert delt ut på rekrutteringskonserten i mars/ april i 4. klasse (eller de kan laste skjema ned frå korpset sine heimesider (sjå under).
Tradisjonen i Slåtten Skulemusikk har vore at aspirantane i 5. klasse har vore med og spelt i Slåtten Skulemusikk etter påske, ein time i veka fram mot 17.mai og vidare fram til sommaren og korpstur.
Kostnaden dette året er gjeldande avgift som elev i kulturskolen (pr 2011 kr 1500,- pr halvår) pluss eit lite beløp til korpset for instrumentleige, forsikring og medlemskap i NMF (sjå under) , (pr haust 2010 kr 500,- pr heilt år).
Slagverk
Når det gjelder opplæring på slagverk vert denne kjørt i regi av korpset utanom kulturskulen. Dei som ynskjer å bli tatt opp som slagverksaspirant gjer dette ved å sende søknad (sjå over). Vi tar ikkje opp nye slagverkaspirantar kvart år.
Frå 6. klasse og ut 3-årig vidaregåande: medlem i Slåtten skulemusikk
Ein er fullverdig medlem i Slåtten skulemusikk frå hausten eleven går i 6. klasse. Ein går av for aldersgrense etter vidaregåande skule.
Vegen vidare
Når ein først er komen inn i korpset er mogelegheitene vidare uendelege. Etter nokre år i Slåtten skulemusikk vil dei ivrigaste gjerne ha ytterlegare utfordringar og då har Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal eit elitekorps som samlast nokre helgar i året og spelar musikk på eit særleg høgt nivå. Slåtten skulemusikk har i 2010 tre medlemmer i dette korpset.
I tillegg til elitekorpset NUBB ( Nordvest Ungdoms Brassband) har vi og ”vaksenkorpsa” i området som er Jølster Musikklag og Førde Ungdomskorps. Der kan ein vere medlem frå fylte 15 år ved sidan av medlemskapen i skulemusikken.
For dei som ynskjer å gjere verneplikta si i korps fins Gardemusikken i Oslo, og korpset har no minst to fedre som har tenestegjort der.
Norges Musikkorps Forbund (NMF)
Medlemsfordeler:
· Veiledning ved søknad om Voksenopplæringsmidler
· Veiledning ved søknad om Frifondsmidler
· TONO-avgift ved fremføring av musikk er inkludert i
korpskontingent
· Gunstig Forsikringsavtale med if… skadeforsikring
· Mulighet til å delta i Krets- og NM-konkurranser
· Motta Musikkorpsavisa
· Korpsene kan kjøpe fagplaner, emnehefter og annet materiell til
bruk i korpsdriften
· Mulighet til å delta på mange ulike kurs
· Tilgang til nettportalen www.musikkorps.no
· Tilgang til hjelp via ditt lokale servicekontor
Medlemsforpliktelser:
· Følge musikkorpset og NMFs vedtekter, reglement
og lovlige vedtak
· Betale kontingent til musikkorpset
· Levere opplysninger som vist på dette skjema for registrering NMFs
medlemsdatabase

