Arrangere konsert

Hugseliste for arrangering av konsert (med noko attåt)

Regelen for å lukkast er å tenke på absolutt alt.

  1. Sett ned ein komitè minst ein månad før konserten.
  2. Fordel oppgåvene mellom komiteemedlemene.
  3. Konsertbudsjett.
  4. Skaffe lokale og ha lokal kontaktperson.
  5. Ha ansvarleg for konsertlokalet. (stoler m.m.)
  6. Marknadsføring:
  7. -Plakatar (heng opp 1-2 veker før arrangementet)
  8. -Annonser
  9. -Pressemeldingar
  10. -DM (direct-mail) til m.a. støttemedlem.
  11. -Skrive i gjestebøkene til andre korps
  12. -mailingliste for E-post
  13. Utarbeide program. (Omtale av korpset, dirigent, planar framover)
  14. Blomster til diverse medaktørar
  15. Konferansier
  16. Skaffe samarbeidspartnar (annan deltakar/korps/solistar)
  17. Lage plan til deltakarar med frammøte//program.
  18. Gje tydeleg beskjed om kva antrekk deltakarane skal ha.
  19. Ordne med transport av folk og utstyr.
  20. ”Catering” til deltakarar/ evt. sal.innkjøp og organisering. Salet må dimensjonerast etter tal publikum!
  21. Sal av billettar.
  22. Opptrykking av billettar.
  23. Fribillettar til diverse. NB! Tenk på alt.
  24. Spesialopplegg for støttemedlemmer.
  25. Hvis "catering", ha både opplegg og reserveopplegg klart.
  26. Hvis utlodning, organiser gevinstar, lodd og vekslepengar.
  27. Skaffe referent for heimesida (og bilete).  

Det er sett opp ei eiga liste for arrangering av seminar.