Førebuing:
Set ut 22 stolar – Musikantane har faste plassar .
Hjelp til med å bære opp trommeutstyr frå kjellaren . Aktiviser ledige musikantar til dette. Trommisane veit kva som skal opp.
Hent flipover på musikkrommet – tusj ligg i skuffa.
Vi prøver å komme i gang til kl 18.00 .
Det er mykje livsglede i musikantane, av og til treng dei ei påminning om kva klokka er.
Stå gjerne uti gangen og ta imot – gje beskjed om at dei skal finne instrument og notestativ for så og sette seg på plassen sin.
Tilby hjelp med å kome seg på plass til dei som kjem litt seint
(notestativ…) Dei som kjem for seint må være stille.
Notestativa skal være stilt inn slik at det er i høgde med auga.
Alle har eigne notestativ, har dei glømt det kan dei få låne eit av skulen, pass på at det blir satt på plass.
Musikanten skal sitje slik at dei ser Trude dirigent.
Under øvinga:
Når Trude dirigent øver med enkeltgrupper, skal dei andre musikantane vere stille. Litt kviskring/ stille prat må vi akseptere.
Målet er å oppdra musikantane til å ha fokus på musikken på øvinga. Vi vaksne som deltek, må ta høgde for at det er barn heilt ned i 9 –10 års alder i korpset. Dei treng oftast berre ei påminning. Er det behov for å snakke i STORE BOKSTAVAR – gjer Trude dirigent det.
Hjelpe til med å dele ut notar/samle inn notar.
Ta nokre rundar og sjå om det er nokon som treng hjelp til noko.
Hjelp til med smørjing av ventilar og liknande (evt. send til Tone).-
Vi har pause ca frå 1900 – 1915. Då tek vi ein kaffikopp på skulekjøkkenet.
Foreldre-”hjelparen” tek med kaffi.
I pausen:
Vi følgjer litt med på kva som går føre seg rundt omkring. Ungane har ein fin sjølvdisiplin, veit kor ein har lov til å være osv. Ta høgde for mykje livsglede.
Ingen får sparke ball o.l. inne – all ballaktivitet skal dei gjere ute.
Avslutning:
Når vi er ferdige for kvelden skal stolane på plass under scena igjen.
Hent ein mopp i bøttekottet og ”gå over golvet” viss det trengs.
Det kjem andre som skal bruke salen etter oss, arbeid raskt.
Nokre generelle ting:
Musikantane skal skylje munnen når dei har ete noko.
Musikantane får ikkje gå på do under øvinga.
Dei må rekke opp handa, Trude avgjer om dei får gå.
Om nokon vert sjuke ringjer vi foreldra – evt. køyrer vi musikanten heim.
Vi har ei førstehjelpsmappe til småskadar o.l.
Øvingane skal være ei positiv oppleving for alle som deltek. Vi har ein god tone i korpset – det er mykje humor i denne gjengen. Ungane er motiverte, jobbar seriøst når dei er på øving. Vi vaksne i korpset og foreldre-”hjelparen ” trengs for å oppretthalde både motivasjon og samspelsgleda.

