Vedtekter

Er det noe du lurer på om reglene våre kan du sjå her.

INNHALD:

§1 ORGANISASJON

Slåtten skulemusikk, stifta den 16. september 2003, er tilslutta Norges Musikkorps Forbund (NMF) med tilknyting til NMF Sogn og Fjordane.
Organisering av musikkorpset
Musikkorpset har følgjande reglar i høve alder: Ein kan vere musikant i korpset til 31. juli det året ein fyller 19 år. Musikantar kan bli aspirantar i amatørkorps frå 1. august det året dei fyller 15 år. Aspiranten skal prioritere og oppfylle sine plikter i skulekorpset.

§2 FORMÅL
Slåtten skulemusikk skal legge vekt på musikalsk dugleik og godt miljø til beste for sine medlemmer.

Slåtten skulemusikk skal:

  • ivareta og utvikle musikalsk aktivitet i musikkorpset gjennom opplæring, motiverande aktivitetar og god organisering.
  • utvikle musikkorps- og organisasjonsarbeid som sosial aktivitet for medlemmene.
  • fremje forståing for musikkorpset sine kulturelle, sosiale og oppdragande verdiar.
  • ivareta musikkorpset sine interesser i det lokale musikk- og kulturliv.

§3 MEDLEMSKAP
3.1 Opptak av medlemmer
Musikantar og andre interesserte kan takast opp som medlemmer i musikkorpset av korpset sitt styre. Medlemsskap for born som ikkje er fylt 15 år må være skriftleg godkjent av føresette. Ved innmelding i skolekorpset vert ein automatisk medlem i NMF.

3.2 Føresetnader for medlemsskap
a)       Alle medlemmer pliktar å følgje vedtekter, reglement og lovlege vedtak gjort av korpset, NMF og kretsen.
b)       Alle nye medlemmer skal levere inn medlemskapsopplysningar på gjeldande innmeldingsskjema. Ved endring av registrerte opplysningar skal medlemmene snarast mogeleg gje melding til korpset sitt styre. Nemnde opplysningar blir gitt vidare på gjeldande skjema/medium for registrering i NMF sin medlemsdatabase. Det er ikkje høve til å reservere seg mot registrering.
c)       Musikantane skal møte på øvingar, konsertar og andre oppdrag til avtalt tid. I tilfelle fråvær skal ein melde frå til dirigent/instruktør/korpsleiar i god tid på førehand.
d)       Instrument og utstyr skal haldast i god stand. Uforsiktig handtering kan medføre økonomisk ansvar for korpsmedlemmer/føresette.
e)       Medverknad i andre musikkorps, eller bruk av korpset sine eigendelar i andre musikkaktivitetar må godkjennast av styret.

3.3 Rapporteringsplikt og kontingent
a)       Musikkorpsåret følgjer skuleåret.
b)       Medlemmene er forplikta til å betale kontingent og andre medlemsplikter til fastsette tider.
c)       Korpset skal betale kontingent til NMF innan 1. februar. Kontingenten vert rekna etter korpset sitt registrerte medlemstal per 31. desember.

3.4 Utmeldingar
Medlemmer som ønskjer å melde seg ut må gje melding om dette til styreleiar i korpset. Ingen bør slutte i løpet av et korpsår. Medlemmer vert meldt ut av NMF ved utmelding frå musikkorpset. Innbetalt kontingent vert normalt ikkje tilbakebetalt.

3.5 Utvising og utestenging
a)       Styret kan iverksette disiplinære tiltak overfor medlemmer som ikkje rettar seg etter gyldige vedtekter, reglar og vedtak, eller er til skade for korpset sin aktivitet.
b)       Styret kan utvise medlemmer for eit bestemt tidsrom.
c)       I grovare tilfelle kan årsmøtet vedta utestenging.
d)       Utvisings- og utestengingsvedtak kan ankast inn for krinsstyret.

§4 ÅRSMØTET
4.1 Status
Årsmøtet er korpset sitt høgaste organ.

4.2 Årsmøteperiode, innkalling, og saker til årsmøtet
a)       Ordinært årsmøte skal haldast kvart år i løpet av november.
b)       Det skal kallast inn til ekstraordinært årsmøte dersom styret i korpset eller 1/3 av musikkorpset sine medlemmer krev det.
c)       Innkallinga skal sendast ut minimum 6 veker før ordinært og 2 veker før ekstraordinært årsmøte.
d)       Styret si årsmelding, revidert regnskap, valkomiteen si innstilling og saker til behandling på årsmøtet skal sendast medlemmene seinast to veker før årsmøtet.
e)       Medlemmer må fremme saker til behandling på årsmøtet gjennom musikkorpset sitt styre. Slike saker må være styret i hende seinast 4 veker før årsmøtet vert halde. Styret pliktar å legge fram saker som kjem inn i rett tid.

4.3 Representasjon, særrettar og voteringar
a)       På årsmøtet deltek korpset sine medlemmer, komitemedlemmer og gjester invitert av styret.
b)       Følgjande har tale- forslags- og stemmerett: Medlemmer som har fylt 15 år. For medlemmer under 15 år kan en føresett møte med tale, forslags- og stemmerett. Styret sine medlemmer har ikkje stemmerett under behandling av årsmelding og rekneskap.
c)       Følgjande har tale- og forslagsrett: Medlemmer som ikkje er fylt 15 år.
d)       Følgjande har talerett: Representantar frå NMF. Årsmøtet kan elles gje talerett til kven det måtte ønskje.
e)       Gyldig vedtak krev absolutt fleirtal, dvs. meir enn halvparten av dei avgitte stemmene, dersom ikkje anna er bestemt i vedtektene.

4.4 Årsmøtet sin dagsorden
Årsmøtet skal behandle følgjande saker :
a) Konstituering
1. Opning.
2. Namneopprop.
3. Godkjenning av innkalling.
4. Godkjenning av dagsorden/saksliste.
5. Val av møteleiing.
6. Val av møtesekretærar.
7. Val av protokollunderskrivarar.
 b) Godkjenning av årsmelding og revidert regnskap.
 c) Saker fremja av musikkorpset sitt styre og medlemmer.
 d) Plan og budsjett, inklusiv medlemskontingent og langtidsbudsjett.
 e) Val:
    1.  Leiar for eitt år.
    2.  3 styremedlemmer på val for to år (med overlapping) og 1 varamedlem for eitt år.
    3.  1 revisorar for eitt år.
    4.  2 medlemmer i valkomiteen. Leiar vert vald særskilt. Dei som vert valde må være 15 år når de tiltrer, ha gyldig medlemsskap og ha sagt seg villige til å motta verv. Val skal være skriftleg dersom nokre krev det.

§ 5. STYRET
5.1 Samansetjing og konstituering
Styret omfattar leiar og 3 styremedlemmer. I konstituerande styremøte vert ansvar for faglege/praktiske ansvarsområder til styre- og varamedlemmer fordelte.

5.2 Fullmakter
a)       Styret skal leie musikkorpset etter dei vedtak årsmøtet har fatta.
b)       Styret kan nedsette dei utval og komitear det er behov for.
c)       Styret kan revidere og utforme dei regler og instruksar det er behov for å presisere og regulere musikkorpset sitt ansvar og aktivitetar.
d)       Leiar av styret eller to av styret sine medlemmer har underskriftsrett for musikkorpset. Styret har fullmakt til å handle på korpset sine vegner.

5.3 Innkalling til styremøtevedtak
a)       Styret skal kallast inn når leiar eller to av styret sine medlemmer finn det nødvendig.
b)       Musikkorpset sine tillitsvalde møter som observatørar med tale- og forslagsrett.
c)       Styret er vedtaksført når minst leiar og to styremedlem er til stades. I ikkje fulltalige styremøte kan eit styremedlem forlange saka lagt fram for eit fulltalig styre før gyldig vedtak kan fattast. Ved likt stemmetal tel leiar si stemme dobbelt.
d)       Styrevedtak skal protokollførast, og protokollane sendast styret sine medlemmer, varamedlemmer og revisor. Musikkorpset sine medlemmer skal informerast om dei vedtak som er gjort.

5.4 Årsavslutning
Styret skal utarbeide årsmelding og avslutte rekneskapen for kvar årsmøteperiode. Rekneskapen skal reviderast av revisor valt av årsmøtet.

5.5 Personalansvar
Styret avtalar engasjement, tilsetjingar og oppseiingar, og har fullmakt til å inngå løns- og arbeidsavtalar. Styret sin leiar utøvar dagleg personalansvar.

§6. MEDLEMSMØTE
Medlemsmøta er forum for kontakt, informasjon og drøftingar for musikkorpset sine medlemmar. Det vert halde medlemsmøte når styret eller musikkorpset sine medlemmer føler behov for det.

§7. KOMITEAR
7.1 Revisjon
Revisor skal gjennomgå rekneskapen for kvar årsmøteperiode og legge den fram for årsmøtet.

7.2 Valkomiteen
Valkomiteen skal innstille valføre kandidatar til tillitsverv etter § 4.4.

§8. USEMJE/TVISTAR
Usemje/tvist om vedtektene si forståing skal leggast fram for kretsstyret med forbundsstyret som ankeinstans.

§9. OPPLØYSNING OG UTMELDING AV NORGES MUSIKKORPS FORBUND
a)       Vedtak om oppløysing av musikkorpset må gjerast på to påfølgjande ordinære årsmøte. Vedtaket krev 2/3 fleirtal.
b)       I tilfelle oppløysing skal musikkorpset sine midlar plasserast i bank på sperra, renteberande konto. I perioden fram til eit nytt musikkorps er oppretta skal denne kontoen disponerast av musikkskulen i kommunen. Denne føresegna gjeld ikkje ved samanslåing av musikkorps.
c)       Det siste ordinære årsmøtet kan bestemme at musikkorpset sine midlar og eigedom skal overførast til NMF Sogn og Fjordane, musikkskulen eller til musikkformål på Slåtten skule dersom nytt musikkorps ikkje er reorganisert innan 5 år.
d)       Vedtak om utmelding av Norges Musikkorps Forbund må gjerast på to årsmøte etter kvarandre med minst ein månads mellomrom. Gyldig vedtak krev 2/3 fleirtal. Utmeldinga må skje skriftleg og sendast NMF via NMF Sogn og Fjordane seinast 15.november for at utmeldinga skal være gyldig frå neste år. Ved utmelding går all rett til NMF sine ytingar, tilbod og verdiar tapt.

§10 VEDTEKTSENDRINGAR
Årsmøtet kan endre desse vedtektene med 2/3 fleirtal.

Desse vedtektene trer i kraft frå og med 28. november 2003.